Fotoseanse i snø og kulde

Eg tek ein del bilete om vinteren. Det kan gi fine motiv med minimalistisk bakgrunn eller spennande isformasjonar. Det blir gjerne på ein dag det i utgangspunktet ikkje er så kaldt. Eg har med kjolen i sekken og sett gjerne opp kamera først og har det meste klart før eg skiftar. Tar gjerne dunjakka utanpå, og har på stilongs og sko, eller truger. Eller vekslar mellom å stå barføtt i snøen og å smette i sko med truger på. På eit motiv skulle eg stå på ein stol i snøen for å komme litt over bakken. Den tippa, så eg havna med tynnkjolen i laussnøen! Litt neglesprett kan forekomme..

Men når eg går inn i “fotobobla”, er eg fullt fokusert på å få fram motivet. Så eg legg ikkje så godt merke til at det er kaldt der og då. Eller om eg har stukke meg på brennesler, eller fått ein haug med myggstigg. Tåleevna går liksom opp. Alt for kunsten?

Previous
Previous

Julehiet blir til

Next
Next

Kråkeråd