Når du går gjennom skogen, ser du huldrefolk og einhjørningar, eller berre trestammer og lauv? Finst det meir mellom himmel og jord, og har det rulleskøyter på? Eg er ei ganske vanleg dame med ein ganske stor fantasi. Eg kan få meg til å fabulere over kvifor molter heiter cloudberries på engelsk, eller kva som skal til for å lage ein fossekjole. Sånne heilt vanlege fabuleringsspørsmål. Som det er fint å ta med til fabuleringsfabrikken og prøve ut.
Med eit utgangspunkt i naturfotografering har eg gått meir over til å jobbe med iscenesetting, surrealisme og drøymande sjølvportrett. Eg synest det er fasinerande at eit landskap kan bli meir som ei teaterkulisse ved å tilføre eit par uventa rekvisittar, eller kanskje ein ballkjole. Eg brukar helst nærområdet i jakta på magi og eventyrskog. Neste isslott kan vere i nabobekken..
I rollen som både direktør, fotograf, sjåfør og modell er det mange ting å handtere undervegs. Å vere både framfor og bak kamera gir ein spesielt interessant prosess. Å skulle veksle mellom fullt teknisk fokus på lukkartid og fotovinkel til å uttrykke eit eller anna litt svevande, drøymande i motivet like etterpå, går ikkje alltid heilt etter planen.
Så er det også eit poeng å ikkje jakte på det perfekte, for det kan vere i det litt rare, uventa at magien ligg. På veg ut døra med ein heilt klar ide om eit motiv, kan redsla for å ikkje få det til komme i vegen. Eg prøver å tenke at det å gjennomføre gir øving, og sjølv om resultatet ikkje skulle blir som eg hadde tenkt, så kan det også bli eit anna motiv som var heilt ufabulert.
Eg kan vere spent på kva folk vil tenke om motiva. Men så kjem eg til at det gir meg mykje påfyll å skape, leike med uttrykk og fabulere. Spesielt det å gå frå ide - til gjennomføring - til etterarbeid (som kan ta nokon timar til eit par år). Og det gir lita meining å skape utan å vise det fram.
Produksjonen i fabuleringsfabrikken kan ta mange retningar, og det er fint å tenke på at det neste til å bli fabulert, det har eg kanskje ikkje tenkt på endå.