Prinsessen på erten
Ideen om eit motiv basert på det klassiske eventyret om prinsessen på erten av H. C. Andersen har stått på lista ei stund. Heilt opplagt behov for ein stabel med madrasser. Det var berre å stappe bilen full!
Eg ville ha eit ope landskap som bakgrunn, og i Øyerfjellet er det eit fint parti ikkje langt frå vegen. Men det blei likevel ein del bering.. Madrasser, puter, tepper, kjole og fotoutstyr fekk lufta seg ned ein vegskråning, forbi kratt og buskar og ut på sletta. Og opp igjen samme vegen tilbake til bilen. Pust pes..
Med alt på plass var det så å få dandert madrasser, puter og tepper i ein slags “bløtkakestabel”. Brukte presenning under for at det ikkje skulle bli vått.
Med oppsettet klart og prinsessekjolen på, var det klart for takning. Men, det var vind. Mykje vind. Motvind. Kjolen blåste opp og var meir til bry enn erten.
Også litt vanskeleg å få til eit uttrykk som passa til motivet. For kva uttrykker ei prinsesse som har sove dårleg på ei gnagande ert?.. Etter ørten forsøk nærma det seg eit motiv som var i retning av det som eg hadde tenkt.
Siste steg blei gjort i Adobe Photoshop. Madrass-stabelen var jo fin, men ikkje stor nok. Eg hadde tatt fleire foto av litt ulik stabling av madrasser. Brukte fleire fotolag oppå kvarandre med ein del flytting, klipp og lim. Og mykje flikking.
La også til meir bustete prinsessehår, og rosa glød på himmelen.
“Den gamle dronningen bestemmer seg for å sette denne prinsessen på en prøve og på soveværelset legger hun en ert på bunnen av sengen. Så tar hun tyve madrasser og legger dem over erten og så enda tyve edderdunsdyner ovenpå madrassene. Den neste morgenen spør de henne hvordan hun har sovet. Da prinsessen sier at hun har sovet skrekkelig dårlig og at hun nesten ikke lukket et øye i løpet av hele natten skjønner de at hun er en ordentlig prinsesse og prinsen tar henne til kone”.