Tromletrøbbel

Det tok ein del pønsking for å finne ut korleis eg kunne gjennomføre dette motivet.

Eg kunne ha valgt å photoshoppe, men det blir gjerne meir realistisk når det er utført i ein ekte setting. Vaskerommet i kjellaren passa bra. Litt testing først.

Med planen klar var det tid for å utføre.

Balansekunst og litt magetrening. Klesplagg festa til trådar som eg teipa i taket (dårleg teip, så det løsna fleire gonger).

Eg tar eit bilete kun med bakgrunnen, og legg det andre motivet oppå, som to lag i photoshop. Så viskar eg bort det som ikkje skal vere med.

Previous
Previous

Kråkeråd

Next
Next

Ballongtrapp